Middagspakke, festpakke
UPPIGARD NATADAL, gjestegard, Seljord, Telemark. Tlf. 350 65 900

Førespurnadsskjema / tingingsskjema

  • Middagar på serveringssted Uppigard Natadal byrjar med at verten ynskjer velkomen til bords og kjem med forteljinga om maten. Dette er ikkje alltid aktuelt i høgtidelege selskap.

    Dersom gruppa (over 10 pers) tek ein trerettars middag, får ein full MIDDAGSPAKKE inkludert i prisen.

    Denne omfattar:

    • Muntert kulturhistorisk kåseri (Berre etter avtale)
    • Omvising på tunet og evt. i kulturlandskapet (Berre etter avtale)
    • Trerettars middag blant dei som står under MENYAR. Hovudrett blir servert to gonger
    • Kaffi.
    • Festlokale til disposisjon i tre timar
    • Fin oppdekking med dukar og lys.

    Etter ein middag på Uppigard Natadal er det noko godt i alle!

  • Til fødselsdagar og åremålsfeiring tilrår vi:
    FESTPAKKE (Kr 725, gjeld i år 2018 og 2019) 
    Barn under 12 år halv pris.
    Denne omfattar

    • Mottaking i Gamlestoga, evt. med aperitiff etter ynskje. Tillegg ca kr 45.
    • Muntert kulturhistorisk kåseri i Gamlestoga. Ca 30 minuttar.
    • Festbordoppdekking med: 28 stearinljos på veggane, finare dukar, kandelabrar, blomar, sylv, større serviettar + flagging.
    • Verten ynskjer velkomen til bords og fortel forteljinga om maten (Som ofte er både eigenprodusert, heimelaga og i lokal tradisjon. Det vil seie mat som vil kunne henrykke englane).
    • Trerettars middag med hovudretten servert to gonger. Veljast blant dei rettane som står under MENYAR. Tillegg dersom hovudretten kostar meir enn kr 240.
    • Fri bruk av mineralvatn (brus) i åtte timar. Gjeld også som som blandevatn (mineralvatn) i baren.
    • Ekstra kaffiservering rett etter middagen.
    • Kaffi, lefse, marsipankake, kransekake.
    • Fri anretting av medbrakte kaker
    • Nattmatsuppe med loff (Må avtalast særskilt)
    • Fri bruk av lokala så lenge ein ynskjer

    Pris på modulane i middagspakke og festpakke (pr kuvert):
    (Desse kan setjast saman etter ynskje som tillegg til middagspakke
    )

  •      Festbordoppdekking 65 kr
            Fri bruk av mineralvatn (brus) 60 kr
            Dessertkaffi 30 kr
            Marsipankake og kransekake 80 kr
            Servering av medbrakte kaker 25 kr
            Nattmat m/loff 120 kr
            Bruk av Hattemakarsalen pr time utover 3 timar: kr 250
                        (Kan sparast inn ved kjøp av øl/vin for 600 kr)
            Bruk av Salomos høysal pr time utover 3 timar: kr 500
                        (Kan sparast inn ved kjøp av øl/vin for 1200 kr)

    Levande musikk kjem i tillegg (Hardingfele: kr 1200, dansemusikk: Frå kr 6000). Elles frå musikkanlegg.

    Førespurnadsskjema / tingingsskjema



  • Klikk her for utskriftsvenleg versjon