Om garden
På Uppigard Natadal kan du oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. Vi byr på ein stor dose kunst og kultur, eigenprodusert mat, badestamp under stjernene, og ein personleg atmosfære for deg som søkjer inspirasjon og sjelefred. Ein tur hit er ei reise i drøymesamfunnet.

Namnet "Natadal" kjem av at det veks hasselnetar rundt tunet. Garden er truleg frå rundt kring år 1000, fyrste kjende omtale er frå 1423. Eldste hus er øvre del av loftet; eit veslebur frå 1465 som blei ein del av loftet i 1763. Slaggfunn frå myrmalmsmelting tyder på busetnad eller veidefolk frå år 0. På 1700-talet var garden ein storgard med 11 husmannsplassar under seg. No er garden liten når det gjeld jordveg, men desto meir ein eventyrgård. Høgde over havet er 422 m.



Klikk på eit hus så får du vite meir

Tunet er eit typisk Vest-Telemarksk rekkjetun med uthusa i rekkje og våningshus på tvers for enden av rekkja. På tunet står desse åtte husa:

Våningshus, (1750, påbygg 1979). Tømmerhus, torvtak. Seks stoger, 10 soverom, fire bad, storhushaldningskjøken. Kåra til Telemarks mest miljøvennlege hus på grunn av byggjematerialar, søppelsortering og flisfyringsanlegg.

Loft, dels frå 1465, dels frå 1763. Tømmer/stavverk, torvtak. Nede er det "museum" og matvarer, oppe er det gjesterom med bad, to køyer og kroneseng. Er freda av Riksantikvaren.

Fjos, (ca 1750). Tømmerhus med torvtak. Før: 16 båsplassar. No: Gjestehus med stoge, hems og tre soverom.

Mellombygg, (1996). Stavverk, torvtak. Forstoge, matsal, storkjøkken, garderobe/toalett. To soverom.

Låve, (1740). Tømmerhus, torvtak. No innreidd til festsal: "Salomos Høysal". 85 plassar.

Stall, (ca 1750). Tømmerhus, torvtak. No gjesterom med bad.

Driftsbygning, (1990). Stavverk, torvtak/bordtak. Stall, hønehus, sauefjøs, verkstad, låve, lager, garasje, verkstad. Oppført som byggjeskikkprosjekt i samarbeid med Statens byggjeskikkutval.

Eldhus, (1994). Tømmerhus, torvtak. Gjestehus, vedfyrt badstoge, to bad, stoge, to soverom.

Nystoga, (2018). Tømmerhus med torvtak. Opphavleg sauefjos frå ca 1740. No: Gjestehus med bad og tre sengeplassar.

Elles har garden rasteplass med fonteneanlegg (Fontana di Nati), vedfyrt boblebadestamp, ridebane, volleyballbane, tjern med badeanlegg: Sandstrand, brygge, sklie, båt, solsenger, rastebord og grill.

Kart: Noreg 1:50 000 1614 III FLATDAL

Gardsdrift:
15 høns og  2 grisar. Potetåker, også med litt mandelpoteter, grønsaker, jordbær, bringebær og morellar, 25 da gras.

Vertskapet:
Mette Aanderaa (f. i Drammen, 1944) er også pensjonert adjunkt på Seljord Folkehøgskule. Dag Aanderaa (f. i Beitstad, 1943) er amanuensis emeritus i reiselivsfag og kulturfag ved Høgskolen i Telemark - Bø. Tre ikkje heimebuande barn: Mikkel (f. 1968), Tone Aa. Kiste (f. 1971), Kjersti (f. 1975). Men dei hjelper til med vertskapsoppgåvene når dei er heime.



Klikk her for utskriftsvenleg versjon