Kansellering
Kansellering før seks veker (Helger i juni, juli og august:12 veker) til tilskiping: Administrasjonsgebyr på kr 300.- Kansellering 6 - 2 veker (Helger i juni, juli og august: 12 veker) før: Kunden må betale 25% Kansellering 13 - 1 dag før: Kunden må betale 50% Kansellering same dag eller ikkje møtt (No show): Kunden må betale 100%
Deltakartalet kan fritt reduserast inntil seks veker før.
6 - 2 veker før kan ein fritt redusere talet på deltakarar med inntil 30%. 13 - 1 dag før kan ein fritt redusere 10% av talet som var meldt to veker før.
I visse tilfelle kan det bli aktuelt å fråvike desse vilkåra på grunn av innsparte råvarer eller nye gjester.
AVBESTILLINGSFORSIKRING Innan 6 dagar etter mottatt ordre er det høve til å teikne avbestillingsforsikring som gjeld ved legeattestert sjukdom og force majeure. Pris for denne er 3.5% av ordresummen utan drikke.
BETALING
Som regel må 50% av grunnprisen for ei tilskiping betalast på førehand. Restbetaling skjer med kontantar eller bankkort - ikkje kredittkort. Dei som blir innvilga faktura, må rekne med 50 kr i fakturagebyr. Store bedrifter kan få faktura med forfall etter ti dagar. Utanlandske gjester må hugse å ta med kontantar sidan vi ikkje tek utanlandske bankkort.
ALKOHOL Selskapsarrangørar bør informere gjestene sine om at vi er underlagt skjenkeløyvelovgjevinga. Det vil seie at det ikkje er høve til å nyte eigen alkoholhaldig drikke i selskapslokala, i badestampen eller ute på tunet.
Klikk her for utskriftsvenleg versjon
|