Aktivitetar, events, incentiv, teambuilding

på Uppigard Natadal, Seljord, Telemark. Tlf. 350 65 900
Aktivitetsarrangør for firmatur.

Gratis aktivitetar:

  1. Muntert, kulturhistorisk kåseri om tradisjon og overtru (stand-up), 35 min. (Minst 20 pers.)
  2. Omvising i hus og tun, 20 min.
  3. Guida vandring i kulturlandskapet, 20 min (berre sommar).
  4. Turgåing opp mot Mælefjell.
  5. Vandring til fossen i Kjøtåi, 2 km.
  6. Bade i gardens tjern med brygger, båt, sandstrand, sklie, grill og volleyballbane.
  7. Vera med på fjosstell: Ponni, esel, gris, sau og høns.
  8. Vera med på slåttonn, raking, hesjing, innkøyring og breie i låven.
  9. Hoppe i høyet.
  10. Overnatte i høyet.
  11. Klatre i klatrevegg inne på låven.
  12. Ake ned gamlevegen på fiskekjelkar.
  13. Finsk, vedfyrt badstoge med honninginnsmøring
  14. Kassettspelar og cd-spelar med anlegg i "Salomos Høysal" (Festsalen)
  15. Spela på flygelet i "Salomos Høysal"

Til vanleg kan ein rekne med at gardens folk er med på aktivitetar, men det er ikkje alltid tilfelle. Det gjeld også måltid (ikkje selskap). Gjester kan godt gje eit signal om kva dei ynskjer.

Betalte aktivitetar

  1. Sauesanking frå fjellet og ned dalsida. Gruppevis med teambuildingsroller og litt friluftsperspektiv. Startar med litt briefing og lagbyggingsteori. Sesong: 15. august til 25. september. Tid: 4 - 7 timar. Kr 2500, inkl. saker og ting til hygge rundt bål. Tillegg for transport til fjells og henting med buss nede i dalen etter sanking; kan også skje med medbrakt buss.
  2. Lære å mure tørrmur (steingjerde) etter gamal tradisjon, kr 500 pr time
  3. Kultursti, med øksekasting, hesteskokast, vasslekkasjehindring, ro-konkurranse, klatrevegg, 1 - 2 timar, kr 1200 pr gruppe, inkl.premie:1 fl. musserande vin
  4. Heilårsbading i vedfyrt, utandørs badestamp (boblebadestamp) med plass til 11 (når gode vener). Store handkle og 12 badekåper til disposisjon. Grillhytte (16 plassar rundt bålet)like ved til servering og grilling. Der er det 16 ekspl. av Folkehøgskulens songbok, så allsongen har gode vilkår utover natta!
    Kr 1100 pr gruppe, inkl. oppfyring i grillhytte.
  5. Ponniriding på shetlandsponni og evt.køyring, kr 190 pr time
  6. Fullstendig lagstyrkingsopplegg basert på utfordringar i naturen, teori og praktiske øvingar. Tone Reiten skreddarsyr eit opplegg. Prisdøme: 4 timar kr 6000
  7. Lagbygging og gruppedynamikk. Øving i å samarbeide med ulike mennesketyper. 2 - 4 timar, kr 750 pr time. (Sjå spesifikasjon)
  8. Hardingfeleinnslag. 15 min. kr 1100
  9. Hardingfele, kveding, teledans. Seljord Spelemannslag. 45 - 60 min., kr 2000 - 5000 (Sjå spesifikasjon)
  10. Lyrikk og musikk om natur og mysterium. 20 - 45 min., kr 1150. (Sjå spesifikasjon)
  11. Konsert: Ragtime-Beatles-klassisk. Profesjonell gruppe. 30 - 45 min, kr 6000 - 7000 (Sjå spesifikasjon)
  12. Konsert: Folkemusikktrioen "Glima", kr 6000 (Sjå spesifikasjon)
  13. Konsert: RAM-JAM. Allsidig profesjonell gruppe, kr 8000-10.000. (Sjå spesifikasjon)
  14. Konsert: SPUTNIK m/Vivian. Inntil 45 min., kr 6000.
  15. Konsert: Viser frå norsk natur og kvardag, kåseri. Anne Grimstad Fjeld, frå kr 2000.(Sjå http://www.formidleren.no/anne_grimstad%20_fjeld.htm)
  16. Barneprogram: Seljeåsen (Frå NRK-barne-TV) Anne Grimstad Fjeld. kr 2000.(Sjå http://www.formidleren.no/anne_grimstad%20_fjeld.htm)
  17. Allsidig musikk til dans. Einmannsorkester. Kr 4000 - 5000 for kvelden.
  18. Lære å danse telegangar til hardingfele. 1 time, kr 2200
  19. Lære å bake flatbrød (braud) og lefse (kling), kr 500 pr time. Max 6 deltakarar
  20. Lære skinnarbeid eller plantefarging, kr 500 pr time, + materialkostnader
  21. Lære å lage knivskaft og slire, 3 x 4 timar, kr 3600 pr gruppe + materialkostnad.
  22. Å lage berre knivskaftet: 3 timar. Max. 8 deltakarar. Får ferdig knivblad og slire. Materialkostnad og undervisning: kr 700 pr kniv
  23. Fossegrimsafari. Guida folkloretur til fossen i Kjøtåi, 2 km. Kaste ut kjøtbein til vasstrollet Fossegrimen og høyre han spela hardingfele i fossen. 90 minuttar. Kr 400 pr gruppe. Ein kan også ta med ein spelemann med hardingfele. Han/ho vil då spela dei same slåttane som Fossegrimen. Då blir det eit tillegg på kr 900.

Aktivitetar i omegnen

  1. Galleribesøk hos målaren Erlend Grøstad på Nutheim. 3 km. Kr 50 pr person
  2. Besøk i Eva Bull Holtes biletgalleri, Åmotsdal. 20 km.
  3. Besøk i Seljord Kunstforenings "Kunstlåve", Seljord. 16 km
  4. Åmotsdal handverksutsal. 15 km
  5. Norsk Skieventyr, Morgedal. 30 km
  6. Knivmakar Astrid Espelid, Svartdal. 6 km
  7. Ridesenter. 15 km
  8. Fisking i Seljordsvatnet. Fiskekort kr 15. 16 km.
  9. Alpinanlegg, Rauland. 50 km
  10. Telemarkskanalen, "Victoria" og "Henrik Ibsen". Kviteseid. 35 km
  11. Gudsteneste i Flatdal kyrkje kvar fjerde sundag kl. 11.

Spesifikasjonar:

8. Lagbygging og gruppedynamikk.
Litt teori om menneskeleg væremåte. Gruppeoppgåve basert på å finne gode sider ved vanskelege mennesketyper. Drøfting av fordomar. Øvingsoppgåve med å rangere fiktive personar etter kva for sympati vi har for deira handlingar. Også opplæring og praksis i gruppedynamikk. Faglærar: Amanuensis Dag Aanderaa.

10. Seljord spelemannslag.
7 - 15 hardingfelespelarar. Spelar lokale slåttar, springar og gangar samt gamaldansslåttar på¨hardingfele. Dersom det er ynskjeleg kan dei by på kveding og framsyning av dans med eit dansepar som syner gangar og springar. Kan også lære bort gangar og spele til dans. Leiar i laget: Torunn Raftevold Rue.
Laget er eit idealistisk tiltak som gjer mykje for å få ungdom til å drive med folkemusikk. Vi oppmodar difor til sponsing utover grunnprisen på kr 2000.

11. Lyrikk og musikk.
Samansett program av allsidig kunstnar, Bente Lindvig. Kåseri, lyrikk og musikk (piano, fløyte, kveding) om mysterium og natur.

12. Ragtime - Beatles - klassisk.
Konsert med profesjonelle musikarar, utdanna ved musikkhøgskolen. Ragtime, Beatles-epoke-musikk og klassisk med eigen vri. Med Trond Lindheim (klaver), Oddbjørn Aase (trekkspel, perkusjon, gitar) og Gunn Aase (trompet, song).

13. Glima

Profesjonell folkesmusikktrio som spelar norsk folkemusikk, mest frå Telemark og

Vestlandet i eigne arrangement. Både som konsert og til dans.

Med Torunn Raftevold Rue (hardingfele, flatfele), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele) og Helene Waage (cello, kveding).

14. RAM-JAM

Profesjonell gruppe som spelar finsk tango, sigøynermusikk, "Riverdance", Balkan, norsk folkemusikk, Evert Taube, sving osb. "Alt-mogleg-band" som skaper liv og treffer hos både unge og gamle. Konsert og/eller dansespel.

Med Vidar Ytre-Arne ( fiolin, el-bass), Ragnhild Knudsen (bratsj, hardingfele), Helene Waage (cello, vokal) og Oddbjørn Aase (trekkspel, gitar).



Klikk her for utskriftsvenleg versjon