Siste nytt frå Uppigard Natadal

Litt sommarstatistikk:
Sommarsesong (Mai, juni, juli, august) jamført med ifjor:
Dagsbesøk: + 52 %
Gjestedøgn: + 40%
Utanlandske gjester: - 17%
Omsetning: + 58%

Kåseri frå Natadal.
Måndag 22.3 og tysdag 23.3 kl 07.25 heldt Dag Aanderaa morgonkåseri  på NRK-P2. Der var det mykje av det stoffet som blir presentert i kåseria på Natadal. Andre kåserirunde på P2 var 15. og 16. juni. Høyr kåseria ved å klikke på link frå vår side "Presseklypp". Nye kåseri kjem måndag 20. september og tysdag 21. september.

Romantisk stad
Reisemagasinet "Reiser&ferie" har kåra Uppigard Natadal til ein av Noregs 10 mest romantiske stader. Sjå denne linken: http://www.reiserogferie.no/index.php?option=com_content&task=view&id=399&Itemid=1

Avisa Varden omtalte det slik: http://www.varden.no/article/20090424/NYHET/612880607/1198/NYHET14

Norsk Ukeblad nr 18/2009, 27. april 2009 omtalte også Uppigard Natadal som ein av åtte romantiske stader i landet.

 

Vi har fått breiband og trådlaust samband som dekkjer alle rom.

Kulturtur/jentetur
Det er for tida mange som vil til Natadal på kulturtur. Vi har difor laga ferdige pakker som er gunstige for grupper mellom 10 og 20 personar. Klikk på Jentetur/kulturtur.

Utbygging
Gamlestallen er no ombygd til gjesterom (S1). Det har blitt eit tresengsrom med bad.

Fargar på roma
Forstoga (resepsjon, bar) og soveroma L1 - L23 har fått ny utsjånad og er no måla i mange spennande fargar.

Pussig hending i Paris
Vertskapet, Mette og Dag, var nyleg i Paris. På hotellet møtte vi eit amerikansk ektepar som stolt fortalte oss at dei hadde vore i Noreg.
Før vi fekk fortalt kvar vi kom frå, kunne dei fortelje at dei hadde vore på ein gard nær vatnet med sjøorm i. Vidare kunne dei referere frå kåseriet til verten. Då var det enkelt å fortelje at dei nok hadde vore hjå oss på Uppigard Natadal.

Dag Aanderaas tale ved Hermannsbauten i Seljord, 17.mai 08.

(Reist 1914, til minne om hermenn frå Seljord som forsvarte landet 1807 – 1814)

 

Merkeleg bauta og merkeleg krig.

Bautaen er nasjonsbygging etter 1905, framhald frå 1814. 100-årsjubileum. Lojale seljordingar, i motsetnad til bondeopprøret i 1540, då var dei stridbare.

Noreg eigenleg ikkje interessert i krigen, hadde godt forhold til Sverige.

Lojale med Danmark-Norge, og godtok krigen for Sverige var alliert

                med England, og dei blokkerte Skagerrak, kornmangel, naud.

            Sende soldatar til svenskegrensa, Danmark ville ha Skåne.

Området rundt bautaen er ein viktig plass i Seljord – tusenårstaden – kyrkja – Landstadmonumentet - gapestokkplassen på Tremerrhaugen -  Sterke-Nils-steinen og Bringsås som hyste tussen Skåne Bringsås.

Kyrkjegarden, prestesonen, seinare kapellan. H.J.Wille, 1770-åra, gymnasiast i Danmark og hadde med seg fosfor, som han smurde på seg som eit skjelett. Gøymde seg bak kyrkjegardsmuren og skræmde vitet av lensmannen.

Området er viktig også i framtida, sentralt i prosjektet ”Grøne Seljord og sogene”, det blir turveg rett nedanfor her, og her får vi dei viktigaste sogene.

Her er det Seljordspelet no har sine sogespel, i år med ”Kven skal nord i Trollebotn---”, og Sigurd Telnes skal ha kyrkjegardsvandring før spelet.

Bak her budde tussen Skåne Bringsås som bygde Seljordskyrkja for heilag Olav. Den soga høyrde Henrik Ibsen av ein flaskevaskar ved apoteket i Grimstad, han heitte Svein Fjellmann og var frå Seljord. Og soga blei til skodespelet ”Bygmester Solness”. Kan hende ein dag vil det koma eit Seljordspel som kombinerer Ibsenstykket med soga?

Då har vi ein turistattraksjon som kan konkurrere med Peer Gynt på Gålå!

Kvifor berre ei kyrkje her? Det manglar faktisk ei, ho som var vigd til bygdeheilagmennet Tarald (gravlagd her), stod 20 steg mot søraust frå Olavskyrkja, brukt av tyske bergmenn, teken av lynet før år 1600.

Ja, men så bygg ei systerkyrkje til Olavskyrkja då! På tomta ved sida av vegen.

Når kommunen ikkje lenger ser seg råd til å vedlikehalde Mandal kapell og vil selje det, så flytt kapellet hit og bygg det ut til ei storkyrkje med arbeidskyrkje i underetasjen!

Vi er ikkje snaue i Seljord, vi tenkjer stort, det har gjeve mange resultat, og vi er best på mange område. Difor må vi sanne slagordet: Seljordt er velgjort!

 

 

 



Klikk her for utskriftsvenleg versjon