Overnatting
Gardsovernatting (gårdsovernatting)
UPPIGARD NATADAL, gjestegard, Seljord, Flatdal. TLF. 350 65 900 

Kurs/konferanse opp til 12 deltakarar: Alle får enkeltrom med bad.
Kurs/konferanse 12 - 23 deltakarar: Alle får enkeltrom, men somme må dele bad.

  • 23 rom, 51 senger
  • Dobbeltrom med bad og balkong: kr 660 pr person
  • To-sengsrom med bad: kr 600 pr person
    Rom med bad på gangen: kr 485 pr person
       Enkeltromstillegg: kr 240
  • Når alle andre rom er opptekne
  • 4-sengs sovehems, takhøgde: 120 cm. (L21): kr 315 pr. person.
  • Langsmalt enkeltrom, festsalbygget, 0.7x5m, (L24): kr 410 
  • Leikarhuset, enkeltrom ute på tunet, 1.40x2m, bad i Eldhuset: kr 410

  • Ekstrarom:
  • Gamlestoga som tosengsrom: kr 485 pr. person
  • Stampehytta som tosengsrom, bad i Eldhuset: kr 310 pr. person 
  • Høyet. Det er heilårleg varmt å sova i høyet på låven; plass til 30. Pris: Kr 160 p.p., pr natt, i eigen sovepose, inkl. frukost og tilgang til dusj/WC.
  • Dei husa som er eigna for det, kan i lågsesong leigast ut til hytteutleige.

  • I lågsesong går prisen ned 75 kr for neste natt dersom romet ikkje treng stellast

         Prisane gjeld oppreidd seng med handkle og frukost.
         Prisane gjeld år 2018 - 2019  
         Alle roma kan brukast som enkeltrom.
        
      Alle roma er røykfrie.

    • Romfordeling:

    • Eldhuset, med 2 bad/WC,m/hårtørrar:

      • E1 Stoga 1. etasje: Dobbeltseng, (200x135cm) (ikkje gjennomgangsrom), peis, kjøkenkrok. Utsyn mot tunet og dalen. Klikk her for å sjå ein filmsnutt frå rommet. (RealPlayer)
      • E21 2. etsj. til venstre: 2 enkeltsenger. Skåp, kommode. Utsyn mot skogen.
        E22 2.etsj. til høgre : God dobbeltseng + enkeltseng. Skåp, skrivebord, kommode. Utsyn mot tunet og dalen. 
         
    • Gamlelåven:

      • L1 God seng + dobbel sovesofa, peis, spisebord m/stolar, kjøkenkrok. Veranda. Dusj/WC på gangen, delar med L2. Utsyn mot dalen.
      • L2 To gode enkeltsenger eller dobbeltseng. Skrivebord. Utsyn mot vest, frukthagen. Stor spegel. Dusj/WC med hårtørrar (som har dør både frå romet og frå korridor, rullestolbreidde). Kan difor også brukast direkte av L1.
      • L3 To gode enkeltsenger. Skrivebord, skåp, T. Stor spegel. Dusj/WC med hårtørrar . Utsyn mot tunet. Hund- og kattefritt rom.
      • L4 To gode enkeltsenger eller dobbeltseng. Skrivebord, skåp, stor spegel. Dusj/WC med hårtørrar. Utsyn mot dalen. Hund- og kattefritt rom. 
      • L21 Avlukka hems, låg takhøgde, 4 enkeltsenger, bratt trapp opp. Skåp. God ventilasjon.
      • L22: God kroneseng, 200x120 cm. Skåp, skrivebord, stor spegel. Dusj/WC med hårtørrar. Balkong, utsyn mot dalen. NB. På dette romet vil ein kunne høyre støy frå festsalar.
      • L23: God dobbeltseng, 200x150cm. Skåp, skrivebord, kommode, lenestol, stor spegel. Bad med badekar/WC, hårtørrar. Balkong, utsyn mot dalen. NB. På dette romet vil ein kunne høyre støy frå festsalar.
      • Skålen i Gamlelåven:
      • L24 Langt, smalt rom 0.75 x 5 m, 1 enkeltseng, bord, stol. Vask/WC i garderobe. Utsyn mot uthus. På dette romet vil ein kunne høyre støy frå Salomos Høysal. Ikkje telefon.

      Gamlestallen:
            
      S1  1. etsj: God kroneseng 200x90 cm. Skrivebord, god stol. TV. Dusj/WC 
                 med hårtørrar. Veranda, utsyn mot dalen. 2. etsj. (avlukka hems): To gode kronesenger:       

                 1:  200x120 cm (brei nok til to) og 2:  200x90 cm. Skrivebord, skåp.

    • Nystoga
             Tømmerhus frå 1740. Sett opp på nytt i 2018. 30 m nedanfor tunet. 13 kvm. Veranda med utsyn mot  

            dalen. God kroneseng 190x120 cm, god seng 195x90 cm. Dusj/WC, hårtørrar.   
            Skrivebord, sofa, USB-kontakt, TV .

    • Bursloftet:

      • B1 To gode køyesenger, ei god kroneseng (breidde 120cm), dusj/WC med hårtørrar, skåp, skrivebord, minikjøken. Bratt trapp opp. Utsyn mot dalen.

       

      • Hovudhuset, underetasje, med ein dusj/WC. Hårtørrar:

      • H1 Brei, god seng:1.91 x 1.20 (plass til eit par), god overkøye:1.91 x 0.75. Skrivebord, kommode. Utsyn mot dalen.
      • H2 Brei, god seng: 1.99 x 1.20 (plass til eit par), god overkøye: 1.99 x 0.75. Gode madrassar. Skrivebord,kommode. Utsyn mot dalen.
      • H4 Vesle gildehallen. Fire gode senger, evt. som dobbeltsenger.Garderobeskåp, skrivebord. Utsyn mot frukthagen.
      • Hovudhuset, 2.etasje, med ein WC og eit baderom med hårtørrar:
      • H23. To gode enkeltsenger, 90x200 cm. Plass til ekstraseng. Skrivebord, kommode. Utsyn mot frukthagen.
      • H25. God dobbeltseng 135x190 cm. Skrivebord.  Utsyn mot skogen.
      • H26. To køyesenger, kommode. Utsyn mot skogen. 
      • H27. God enkeltseng, 90x200 cm + brei seng,100x190 cm, kan vera dobbeltseng. Skrivebord. Utsyn mot skogen og Eldhuset.
      • H28. Stor, god seng 120x345 cm, andføttes oppreiding som dobbeltseng. Kan ta 4 personar. Garderobeskåp, kommode, god stol, balkong, dusj/WC med hårtørrar, skrivebord. Utsyn mot dalen. 

      • Reserve: Gamlestoga, 1. etsj. : To kronesenger 115x175 cm. I annan bruk på dagtid.
      • Reserve: Stampehytta, hytte med grillbålplass i midten, ved badestampen. To (evt. 3) madrassar på benkane. Dusj/WC i Eldhuset like ved. Vindauge til alle kantar.


      I gode senger er det fjørmadrass.

      Fullpensjon:
      Tillegg til overnattingspris:

      Sjå menyar og prisar under Menyar

    • Førespurnadsskjema / tingingsskjema




    • UPPIGARD NATADAL, 3841 FLATDAL
      Vertskap: Mette og Dag Aanderaa

      Tlf.: 350 65 900 - faks: 350 65 901 - Mobil: 906 06 100 - Bankgiro: 2711.05.06568
      Organisasjonsnr: 969 442 299 MVA - E-post:dag@natadal.no